Frå onsdag 19.oktober kan frivillige lag og organisasjonar søka om straumstøtte frå Lotteri-og stiftelsetilsynet.

Straumstøtte frå Lotteri- og stiftelsetilsynet

Av: Kommunikasjon
Publisert: 14.10.2022
Onsdag 19. oktober opnar Lotteri-og stiftelsetilsynet for ny søknadsrunde frå frivillige lag og organisasjonar.

Søknadsfristen er 16. november klokka 13.00. 

Nå kan du søka straumstøtte for perioden juli til september 2022. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betala ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknadar, slik at dei som søker tidleg kan få pengane raskast  mogleg.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.


Her kan du sjå oversikt over områda som er omfatta av ordninga.

Kven kan søka?

Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søka, og desse organisasjonane har rett til å søka:

• Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Me oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrera seg.
• Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søka dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
• Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret: Kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner me menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken nå eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søka om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats.

Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søka her. 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?