Du er her: Hjem / Aktuelt / Ruth Bø er 100 år

Ruth Bø er 100 år

Av: Borghild Gudmestad
Publisert: 11.09.2022
Driftige Ruth runda 100 år same året som Randaberg har bursdag. Dermed fekk ho også ordføraren på besøk.

Sundag 11. september har Ruth Bø ope hus på Randaberg forsamlingshus, og etterpå feirar ho 100-årsdagen med familien.

Ruth vaks opp i Suldal kommune, og kom til Randaberg som tenestejente som 14-åring.

— Både eg og den eine bror min tente her, fortel ho.

Etter kvart gjorde ho som mange, fann ein kjærast frå Randaberg som blei ektemannen hennar i 1942. Ho og Henrik Bø etablerte seg med gard på Bø, og tre barn kom etter kvart til. Ruth jobba både inne og ute.

Ved sida av arbeid ute og inne, var Ruth aktiv i helselaget, Randaberg forsamlingshus og i bondekvinnelaget.

— Eg har trivst godt på Randaberg, og det er lett å koma til alt. Kjekke folk er det også her, smiler ho.

Ho synest det har vore ei stor utvikling i bygda.

­­— Men det har gått litt fort, seier ho.

Etter at sonen overtok garden, jobba Ruth som husmorvikar i fleire år. Ho sykla rundt i bygda og var i mange heimar.

— Du har likt å jobba du?

— Ja, eg har det, smiler ho.

 I dag bur Ruth i Ryggjatunveien. Ho klarer seg sjølv, og lagar både frukost og middag. Både basarar og pensjonistlaget får besøk av henne.

— Eg les også bøker, aviser, og eg spøter, seier ho mens ho viser nokre sokkar ho spøtar på nå.

Ruth er alltid fin på håret. Eit barnebarn steller håret hennar kvar 14. dag. 10 barnebarn, 25 oldebarn og 11 tippoldebarn har det blitt. Ruth har ikkje tid til ettermiddagskvil.

— Nei, det gjer eg ikkje. I så fall berre duppar eg litt av i stolen.

I dag blir Ruth feira av ordførar, venner og familie.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?