Morten Kvanvik Rønne.

Podcasten er ute!

Av: Kommunikasjon
Publisert: 10.09.2022
Nå kan du høyra meir om det det frivillige organisasjonslivet på podcast.

Morten Kvanvik Rønne, leiar for Frivillighetens hus, debuterer nå med podcast om det frivillige organisasjonslivet på Randaberg.

Han skal kringkasta ulike vinklar på frivillig organisasjonsliv, på podcasten med namnet «Frivillig i Randaberg».

Det startar med intervju med månadens frivillig, ei kåring som er kvar månad.

- Der gjekk eg heim til vedkomande som blei månadens frivillig og fekk med opplevinga og overraskinga over å bli kåra til månadens frivillig, fortel Morten.

Det blir ein halv time med podcast med månadens frivillig i den fyrste episoden som har blitt kringkasta.

Frivilligheit, folkehelse og fritid blir tema for alle podcastane.

 Lytt til podcasten her

- Eg vil løfta det frivillige arbeidet for å visa meir kva det går ut på, i tillegg til å få med fagfolk også. Dei som er med som frivillige frå før av, det blir spotlight på nokre av dei. I tillegg til eit vindauge for dei som er litt nysgjerrige. Kven er dei i Saniteten? Korleis blir ein med som frivillig, kva skal til? Korleis søker ein om tilskot til frivillig arbeid, kva er ein god søknad?

Han ønskjer å laga ein god podcast.

-  Det er ambisiøst, men treng ikkje ta så mykje tid.

Podcasten blir laga i studioet på kommunehuset.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?