Gartnar Arvid Kro frå Park i Randaberg kommune hjelpte elevane frå Harestad skule med å få blomane trygt i jorda i blomsterurnene på torget.

Nok ein gong skal torget bli til å ete opp

Av: Kommunikasjon
Publisert: 26.04.2023
Det starta i 2008, då skuleelevar, bondelaget og tilsette i kommunen planta ut blomar og urter på torget i sentrum. Onsdag var det ny dugnad - for å gjere sentrum meir fargerikt, duftande og etande.

Denne gongen var det klasse 6 B frå Harestad skule som hjelpte parkavdelinga i Randaberg kommune og bondelaget med å plante ut fleire slag urter og blomar. 

Gartnar og bonde Helge Todnem har vore med på utplantinga på torget heilt sidan starten for 15 år sidan. Onsdag hadde hadde han tatt med sitronmelisse, oregano, salvie, persille, rosmarin, timian og grasløk. 

Biletet: Instruksjonar før utplantinga startar. Frå venstre Arvid Kro, Jakob Eike og Thomas Aase frå Park i Randaberg kommune saman med bonde og gartnar Helge Todnem.

Biletet: Instruksjonar før utplantinga startar. Frå venstre Arvid Kro, Jakob Eike og Thomas Aase frå Park i Randaberg kommune saman med bonde og gartnar Helge Todnem. 

I tillegg kunne Thomas Aase frå Park i Randaberg kommune fortelle at det skulle plantast ut jordbær og rundt 350 ulike blomar på torget.

— Vi plantar ut ein god miks med blomar, blant anna skal fleire magritter og nellikar i jorda. 

Og mykje av det som vart planta ut onsdag kan etast.

— Når den tid kjem, kan elevane og andre forsyne seg av det torget har å by på, seier Thomas Aase.  

Biletet: Kommunalsjef Tonje Kvammen Doolan (heilt til høgre i biletet) kjem her berande på fleire blomar som skal i jorda. Til venstre ser vi ryggen til Jakob Eike frå Park i Randaberg kommune.

Biletet: Kommunalsjef Tonje Kvammen Doolan (heilt til høgre i biletet) kjem berande på fleire blomar som skal i jorda. Til venstre ser vi ryggen til Jakob Eike frå Park i Randaberg kommune.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?