Død svane ved Endrestø. Illustrasjonsfoto.

Meld frå om døde fuglar eller andre dyr

Av: Kommunikasjon
Publisert: 31.07.2023
Har du oppdaga døde eller sjuke fuglar og andre dyr? Meld frå til Mattilsynet.

Det er påvist fugleinfluensa på fleire koloniar av ville fuglar i Finnmark. Utbrotet rammar særleg krykkjer, men også andre måkeartar. Det er ikkje påvist fugleinfluensa av dette omfanget i Rogaland.

Meld frå til Mattilsynet
Dersom du oppdagar døde eller sjuke fuglar, eller andre dyr og mistenker fugleinfluensa, meld frå til Mattilsynet på e-post: innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no.

Les meir på Mattilsynet si heimeside

Kjæledyr og fugleinfluensa
Fugleinfluensaen som no er påvist utgjer først og fremst ein risiko for fuglar. Som eit føre var-prinsipp bør likevel dyreeigarar halde kattar og hundar unna sjuke og døde fuglar, melder Veterinærinstituttet på si heimeside

— Tidlegare smitteforsøk har vist at katt og hund er mottakeleg for smitte med fugleinfluensa. Risikoen for at kjæledyr i Noreg blir smitta er låg, men på generelt grunnlag tilrår Veterinærinstituttet og Mattilsynet at hundar og kattar blir haldne borte frå døde og sjuke fuglar, då desse kan innehalde fleire ulike smittestoff som kan gje sjukdom. 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?