Jan Harestad er ein av lærarane i datakurset på Frivillighetens hus torsdag 27. oktober.

Kurs i dataopplæring torsdag 27.oktober

Av: Kommunikasjon
Publisert: 26.10.2022
Datasikkerheit er viktigare enn nokon gong. Torsdag 27. oktober startar Eldrerådet datakurs for eldre i Frivillighetens hus klokka 14. 00.

Kurset er på mange måtar ei vidareføring av datakursa som starta på Harestad skole i fjor i samarbeid med Harestad skole. Nå er det Gaute Hadland og Jan Harestad som skal ha kursa i Frivillighetens hus.

Han seier det er fleire grunnar til at det blir arrangert kurs.

– Folk treng å kunne litt data for å følga med i samfunnet. Spesielt innanfor datasikkerheit er det viktig. Ein må ikkje bli lurt. Fleire digitale tenester innan helse og velferd blir brukt for å få samfunnet til å gå i hop, meir digitale løysningar må til heime hjå den enkelte. Då må ein ha kunnskap.

Han møter fleire eldre som ikkje liker den digitale utviklinga.

– Du kan ikkje seia at data er noko «drit», som nokre gjer, då hamnar du utanfor, seier Harestad.

Opplæringa på Frivillighetens hus skal halda fram utover hausten og vinteren. Målsetninga er ei fast ordning. Arrangørane ser også etter fleire instruktørar.

På oppmøte torsdag skal dei saman med deltakarane snakka med dei som kjem og finna ut kva det er mest behov for framover.

– Deltakararar må med ha med eigen pc, iPad eller mobil. Det er berre å møta opp.

Harestad er også teknologiambassadør for Pensjonistforbundet i Randaberg.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?