Kart og innhald til den historiske løypa finn du her

Av: Kommunikasjon
Publisert: 27.06.2022
Den historiske vandringa langs kysten er open for alle kvar dag.

Som ein del av bursdagsfeiringa til Randaberg som rundar 100 år om få dagar blei den historiske løypa langs kysten opna under jubileumsfeiringa. Langs løypa kan turgåarane få meir info om perlene langs ruta gjennom å bruka QR-kode. Skilta som er sett opp blir iallfall verande ut året. Randaberg historielag har saman med kommunen lagt til rette for informasjonen langs ruta. I lenka nedanfor kan du også lesa meir om alle perlene: 

Forteljingar langs kysten-ei historisk vandring frå Hålandsvatnet til Vistnestunet

Gløym heller ikkje at komande fredag er det 1.juli, sjølve bursdagen til Randaberg. Då blir det flagging, kaffi og kaker i sentrum frå klokka 10.00. Til hausten blir det fleire fine arrangement knytt til jubileet. 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?