Du er her: Hjem / Aktuelt / Hanne Vasshus til Tungenes fyr
Torsdag blir det konsert med Hanne Vasshus på Tungenes fyr. Foto: Anita Hamremoen

Hanne Vasshus og fleire til Tungenes fyr

Av: Borghild Gudmestad
Publisert: 21.09.2022
Artist Hanne Vasshus har konsert på Tungenes fyr torsdag kl. 20, og sundag klokka 13. 00 blir det framsyning for barn på Tungenes fyr. På kvelden blir det debatt om oppdrett i havbruksnæringa.

Som i fleire tidlegare år, samarbeider også i år Randaberg kommune og Randaberg folkebibliotek med Kapittel, festivalen for litteratur og ytringsfridom i Stavanger.

I fleire år har det vore eit samarbeid med Randaberg kommune og Randaberg folkebibliotek om arrangement i Randaberg.

KAPITTEL SITT PROGRAM

Fyrst ute er den lokale artisten og musikaren Hanne Vasshus. Journalist Guttorm Andreasen skal intervjua Vasshus om musikken hennar, og prosessen rundt det nye albumet som blir det tredje albumet som ho gir ut. Nytt album kjem ut i 2023, og det nye albumet skal handla om ulike typar brot i livet i relasjonar til andre menneske. Det blir smakebitar frå Vasshus sin nye musikk på Tungenes fyr denne kvelden. Vasshus blei årets stavangerkunstnar i 2016, og fengslar mange med si flotte stemme og sitt musikalske uttrykk.

Sundag blir det framsyning for barn klokka 13 med Papillon.

Melodiar, små historier, rytmar og minne flaksar om kvarandre. Musikken skal ta publikum med frå det eine til det andre i eit transparent og minimalistisk lydbilde som ikkje kjenner sjanger. Jørn Erik Ahlsen Alkanger speler gitar, Sarah Camille syng og fortel. Anbefalt for barn frå 4 år.

På kveldstid klokka 19.00 blir det debatt om oppdrettsnæringa på Tungenes fyr. 

Journalist og forfattar Simen Sætre er aktuell med boka "Den nye fisken", der han tar for seg oppdrettslaksen si historie. I debatten møter han blant andre Kristina Furnes frå Grieg Seafood, Mads Martinsen frå bedrifta Skretting og ordførar Jarle Bø (Sp). Det blir ein debatt om forskning og utvikling i oppdrettsbransjen. Debatten vil setja fokus på kva utfordringar havbruksnæringa står ovanfor, og om FOU-arbeidet innanfor og utanfor næringa kan bidra til løysningar på utfordringane. Debattleiar blir journalist og kommentator i Stavanger Aftenblad, Hilde Øvrebekk.

Arrangementet skjer i samarbeid mellom Jærmuseet, Forskningsdagane og Kapittel.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?