Du er her: Hjem / Aktuelt / Full klaff for språkkafeen
Tysdagar er det språkkafe i Frivillighetens hus frå klokka 18.00-20.00.

Full klaff for språkkafeen på Frivillighetens hus

Av: Borghild Gudmestad
Publisert: 30.08.2022
Språkkafeen starta i juni. Kvar tysdag kveld kan du øva deg i norsk saman med andre.

Språkkafeen i Frivillighetens hus i sentrum har nå blitt godt etablert. Kvar tysdag frå klokka 18.00 til 20.00 samlast det fort mange for å bli betre i norsk. På det meste har det møtt opp over 20 personar.

— Frivillige har vore enormt gode her. Det gjekk ikkje lang tid før me hadde ein gjeng samla for å bidra, fortel Morten Kvanvik Rønne, dagleg leiar ved Frivillighetens hus.

Dei frivillige er frå Saniteten og frå lister på ledige frivillige til flyktningkrisa. Språkkafeen blei starta i slutten av juni.

Det møter rundt sju frivillige kvar gong for å bidra i kafeen. Det er som regel alltid også til stades nokre med språkkompetanse. Kafeen har eit både språkleg og sosialt innhald. Det er viktig å læra seg norsk og bli kjent med andre.

— Me har også fått rundt 9000 kroner frå Norges frivilligsentraler i økonomisk støtte til å driva kafeen, fortel Morten.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?