
Frivillige lag og organisasjonar kan søke momskompensasjon
Det er opna for søknader, og søknadsfristen er 1. september.
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av to milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023.
Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar hat hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søke på ordninga.
Du finn meir informasjon om ordninga og søknadsskjema på denne nettsida:
Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift
Må vere registrert i Frivilligregisteret
Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som det søkast om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2023. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.
Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.
Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?