Du er her: Hjem / Aktuelt / Fenriken og Maria Abrahamsen til Varen
Fenriken, altså Geir Aker, kan du møta under heile tre føredrag under Verdsdagen for psykisk helse 4. oktober. Foto: Optimuskompetanse

Fenriken og Maria Abrahamsen til Varen

Av: Borghild Gudmestad
Publisert: 29.09.2022
4., 5. og 6. oktober markerer Randaberg Verdsdagen for psykisk helse med fem samlingar på Varen. Temaet er «Vi trenger hverandre. Løft blikket».

I år rettar arrangementa i Randaberg seg mot spesielt mot barn, foreldre og fritidsleiarar på ulike felt som møter barn og unge. Men arrangementa er opne for alle. Geir Aker, eller Fenriken, kjent frå TV-programmet «Kompani Lauritzen» har tre føredrag på Varen tysdag 4. oktober. Temaet er: «Tør å vær tydelig, lev med konsekvensene».

Psykolog og føredragshaldar Maria Abrahamsen, kjend frå både Instagram @psyktdeg og TikTok har føredrag onsdag kveld kl.18.00 med temaet «Digitale prøvekaniner».

Torsdag kveld klokka 19.30 kjem pedagogen, forfattaren og føredragshaldaren Liv Berit Heimstad Tønnesen.Ho rettar seg mot foreldre til barn i barnehagealder. Tema er: «Hvordan være både tydelig og varm i møte med barn og unge, i både gode og krevende dager».

Ope for alle

I utgangspunktet er arrangementet retta mot sine målgrupper, men det er god plass til andre også.

– Det er berre å møta opp. Me håper å nå ut til mange, som fritidsleiarar i ulike felt. Mange av desse er gjerne unge og med liten erfaring, då er dette nyttig kunnskap å få med seg. Me bygg ein landsby. Det trengst som kjent ein heil landsby for å oppdra eit barn. Hjelper me foreldre og andre vaksne, hjelper me også ungane. Saman skaper me, seier Bente Monica Reilstad, fagkoordinator for barn og unge frå avdeling oppvekst.

Alle arrangementa er gratis.

Mange opplever nå å leva i ei uroleg tid med krig, klimakriser, flyktningkriser og livskriser. Etter to år i krisemodus, så er det framleis utfordringar. Verdsdagen for psykisk helse vil utfordra til søka fellesskapet. Kriser kan også føra til splitting og uro, og gjera at fleire fell utanfor. Årets markering ønskjer å motivera til tiltak som reduserer avstanden mellom oss.

Samarbeid

I år er det kommunen, FAU, kyrkja i Randaberg og Bufdir som samarbeider om arrangementa som skal vera på Varen.

Ein rapport fra NORCE viser at meiningsfulle sosiale møteplassar er viktig for å bygga nettverk, føla meistring og å førebygga utanforskap.. Det er også helt sentralt for å skapa tilhørigheit for menneske på flukt, som blir ekstra aktuelt i år. Tiltak som kan styrke opplevinga av sosial støtte, er helsefremmande og kan redusera kor ofte ein blir ramma av både psykiske og fysiske plager.

I år er det 30 år sidan Verdsdagen for psykisk helse blei oppretta 10. oktober som en internasjonal FN-dag for å fremma bevisstheit om psykisk helse over heile verda.

I Norge er Verdsdagen ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse, og blir markert av kommunar, skular, arbeidsplassar, organisasjonar og enkeltpersonar i heile landet kvart år. 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?