Prosjektleiar Arne Harald Foss frå Livsglede for eldre møtte mandag 25 eldre i Randaberg kommune. Her presenterte han bakgrunnen og målet med eit nytt digitalt kartleggingsverktøy, som Livsglede for eldre og fleire kommunar skal utvikle saman.

Digitalt kartleggingsverktøy for eldre som bur heime

Av: Kommunikasjon
Publisert: 10.05.2023
Livsglede for eldre lagar no eit digitalt kartleggingsverktøy for eldre som bur heime. Verktøyet blir utvikla saman med fleire kommunar i landet.

Målet er at den enkelte skal finne ut av eigne utfordringar i liv og heim, og løyse dei sjølv før dei treng hjelp frå kommunen.

— Vi jobber no med eit prosjekt der vi saman med ei rekke kommunar lager eit digitalt kartleggingsverktøy for eldre som bur heime, eit verktøy som kvar einskild person skal kunne bruke heime, eller kor enn dei oppheld seg, seier Arne Harald Foss, prosjektleiar frå Livsglede for eldre.

Mandag i denne veka vitja prosjektleiaren eldre i Randaberg kommune. 

Korleis skal vi klare oss lengst mogleg heime?
Gjennom å svare på spørsmål innanfor ei rekke tema, på nett eller i ein app, kan heimebuande eldre via kartleggingsverktøyet identifisere noverande eller framtidige utfordringar.

— Dersom eldre tek grep tidleg, vil mange klare seg lenger på eiga hand, utan å trenge hjelp frå tenesteapparatet. Dei får vere sjef i eigne liv lenger, seier Arne Harald Foss. 

Spørsmål ein må stille seg er: Har du ein aldersvennleg bustad? Hvis du blir dårleg til beins, kan du då flytte deg frå soverom til bad med rullator? Kan bustaden byggast om? Er den trygg om du blir gløymsk, og gløymer ein kjele på komfyren? Kor isolert blir du, hvis du blir mindre mobil? Og hvis du må: Kan du flytte til ein annan bustad?

Bu trygt heime
I løpet av året kjem regjeringa med sin "Bu trygt heime-reform".

— Å gje hjelp i eigen bustad so lenge som mogleg er naudsynt for at vi skal ha berekraftige velferdstenester i framtida, meiner KS, kommunesektoren sin organisasjon.

— Framover vil tilgangen på helsepersonell vere ei større avgrensing for tenestene enn pengar. Då treng vi ordningar som stimulerer til eit breidare bustadtilbod, med generasjonsbustader, tryggleiksbustader og andre løysingar som førebyggjer einsemd og styrker fellesskap.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?