Padling er noko Ove liker å gjera på fritida, her saman med eit av barnebarna.

50 år i arbeidslivet er nok, no skal eg padle og sykle!

Av: Kommunikasjon
Publisert: 23.02.2024
​​​​​​​Etter 33 år i Randaberg kommune går Ove Sveinung Tennfjord av med alderspensjon. Han er mest kjend som kommunens nettredaktør, kommunikasjonsrådgjevar og utegåande reportar, men han har hatt fleire sentrale roller i kommunen før han vart det. Korleis har tida i Randaberg kommune vore? Korleis vert livet som pensjonist? Vi tek ein prat med Ove i det han takkar av.

«Jau då, no skal eg ikkje stresse meir», seier Ove.» Det vert ikkje pipe og tøflar på meg, men heller meir sykling og meir padling. Når eg vil. For det er det som er skilnaden, eg skal ikkje arbeide for nokon, men vere min eigen herre, det vert annleis. Men heilt kva eg går til, korleis dagane blir, det veit eg ikkje. Det blir spanande», legg han til.   

Ove er født og oppvaksen på Sjøholt på Sunnmøre, i kommunen Ørskog, som i dag er ein del av Ålesund kommune. Allereie som 15-åring starta han i arbeidslivet. Vi er tilbake til 1974. Då byrja han som sportsreporter i lokalavisa «Bygdebladet». Ikkje det «Bygdebladet» vi kjenner, men lokalavisa for kommunane Haram, Stordal, Norddal, Ørskog og Vestnes. Her snakkar vi eit geografisk område som strekker seg over fjordar, fjell og sjø på Sunnmøre og i Romsdal. Ove var altmoglegmann, journalist, fotograf til og med å lage krimbøker! Sport og skriving skulle bli ein viktig del av Ove sitt yrkesliv. Han utdanna seg til førskulelærar i Volda, og jobba ein del år som lærar i barnehage, grunnskule og med psykisk utviklingshemma på Sunnmøre. Kunnskap og erfaring som skulle verte avgjerande for tilsetting i Randaberg kommune, men det skal vi komme attende til, om litt.  

For vi må innom vekaavisa «Sport i dag», og eigaren, redaktøren, journalisten og fotografen Ove Sveinung Tennfjord. I 1986 starta nemleg Ove opp si eiga avis. Avisa hadde tre tilsette og satsa stort på hardtslåande sportsjournalistikk, sjølvsagt på nynorsk. Fotballkampar, langrennsløp og symjestemner på Sunnmøre, ivrige reporterar frå «Sport i dag» var på plass for å dekke stort og smått. 

«Det var ei kjekk og travel tid», fortel Ove. Eg hadde flinke folk med meg. Sjølv om dei måtte legge ned etter tre år gjekk det bra med alle dei tilsette, dei fekk gode jobbar vidare, både som journalistar og pressesjefar. «Dei fekk ei god start på yrkeslivet, det likar eg å tenke attende på», legg Ove til. 

Ove gjekk ein annan veg, både karrieremessig og geografisk. Trenarjobb i fotballklubben Vidar lokka Ove til Stavanger. Dessutan hadde broren Arne etablert seg her, så nettverket var allereie på plass. Ove var trenar i Vidar i 7 år før han vart trenar i RIL (Randaberg idrettslag).  

Trenarjobben kunne han ikkje leve av, han måtte ha ein «skikkeleg» jobb og byrja som leiar i Tjensvoll barnehage. Ove var blant dei første mannlege barnehagetilsette på 80-talet, og han var åleine mann i alle dei åra han jobba der.  

«Eg tenkte ikkje så mykje over det, det var berre sånn det var». Ove er ein aktiv kar, barnehagejobben passa difor karen frå Sunnmøre ypparleg. «Eg elska jo å vere ute med ungane, leike og herje rundt, å sitte inne med den administrative delen var den kjedelege delen av jobben», smiler Ove. 

Hausten 1991 byrja han i Randaberg kommune. Den gongen var det sosialkontora i kommunane som hadde barnehageansvaret. Han byrja i ein mellombels stilling i Solbakken barnehage medan han venta på å dra til fjells for å verte dagleg leiar på ein nyoppretta leirskule. Han ombestemte seg, og vart verande i Randaberg, i 33 år. 

Gjennom 1990-talet heldt Ove fram i barnehagesektoren, han var barnehagekonsulent kombinert med å vere lærar for vaksne psykisk utviklingshemma.  

I år 2000 vart det ei stor organisasjonsendring i Randaberg kommune.  Dei tilsette skulle jobbe på nye måtar, leiinga ynskte flatare struktur og betre kommunikasjonsflyt og såleis tverrfagleg samhandling. Heile kommunehuset vart bygd om med eigen arkitektpsykolog som rådgjevar. Dette var nytt i landet, og fleire tok turen for å sjå det rehabiliterte kommunehuset med sine opne kontorlandskap.  

Med organisasjonsendringa fekk mange tilsette nye oppgåver og ansvar, også Ove. Frå 2002  vart Ove områdeleiar for Tiltak som bestod av sosialkontor, fysio- og ergoterapiavdelinga, flyktningseksjon, mottakskontor (i dag tenestekontoret) og jobbsentralen. Han sat då i rådmannen si leiargruppe. Fleire av desse oppgåvene kjenner vi igjen under NAV i dag.  

NAV-reforma starta i 2006 og var ei samanslåing av Trygdeetaten, Aetat og den kommunale sosialtenesta. Det er den største reforma på arbeids- og velferdsområdet i nyare tid, eit prosjekt Ove leie i Randaberg kommune. Biblioteket flytta ut og kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa opna eit flunkande nytt NAV-kontor i kommunehuset februar 2008. 

Kel Tighe var leiar for NAV og Ove gjekk over i sin noverande stilling som kommunikasjonsrådgjevar. Det vil sei, i eit par år var han utlånt til universitetet i Stavanger. Journalisten og avismannen vakna til liv igjen i nye roller. På universitetet var han engasjert i eit prosjekt som heitte HUSK (Høgskule- og universitetssosialkontor), som var eit forskings- og utdanningsprosjekt i samarbeid mellom universitetet, kommunane og brukarar. Eit av prosjekta var å lage gateavis. Ove skulle vere redaktør. Arbeidstittelen på avisa var «Oljegrus», og prosjektarbeidarane hadde henta inspirasjon frå gatevisene i London, Oslo og Kristiansand. Siste bøyg var å få etablert eit solid distribusjonsledd, så Ove og medarbeidarane vende seg til Kirkens bymisjon for å invitere til samarbeid. Kirkens bymisjon var dessverre ikkje interessert på dette tidspunktet, men starta sjølv gateavisa «Asfalt» få månader etterpå. Ove legg ikkje skjul på kva han tenkjer om dette den dag i dag.  

Randaberg kommune var ein svært moderne kommune etter organisasjonsendringa og ombygginga i første tiåret av det nye årtusenet. Kommunen hadde god økonomi og romslege rammer, og hadde høve til å vere nyskapande. Kommunikasjon, både ut til innbyggarane, men også internt i kommunen vart eit satsingsområdet. Mellom anna vart Servicetorget etablert. Dåverande rådmann Per Haarr såg at han hadde ein ivrig kommunikasjonsrådgivar i Ove, han kjende til kompetansen hans som avismann og journalist.  

Internett var kome for å bli, og Ove fekk den viktige oppgåva i å etablere kommunens heimeside. Eit moderne intranett (heimeside for tilsette) skulle erstatte internavisa i papir «På randen». Ove fekk då tittelen som han likar godt i dag, nettredaktør. Under Ove sin administrasjon har kommunens heimeside utvikla seg frå å vere ein rein informasjonsplakat, med informasjon og nyhende frå kommunen, til å verte kommunens førstelinje inn til sakshandsaminga. 

Noko som også var banebrytande i Per Haarr si tid, var arbeidet med ny kommuneplan der visjonen «Saman skaper vi den grønne landsbyen» vart født. Saman med reklamebyrået Melvær og Lien, jobba Ove, tett saman med dåverande rådgjevar Anne Berit Berge Ims, fram ny designprofil og designmanual som skulle bygge opp om merkevaren Randaberg kommune som grøn landsby.  

Den teknologiske kommunikasjonsutviklinga har vore stor gjennom Ove sitt yrkesliv. Frå papir, blyant og fotoapparat til mobil som kan nyttast til alt. Ove meiner at Randaberg alltid har vore flinke til å ta i bruk ny teknologi. Denne haldninga ligg langt tilbake i tid. Han hugsar godt då dei fyrste pc-ane kom til kommunen på 1990-talet. Ein ivrig lærar frå Goa skule heldt EDB-undervisninga for alle kommunalt tilsette. Dei to maskinene vart nytta til sakshandsaming på teknisk og på skulekontoret. Dei var svære best, var topp moderne og frykteleg avanserte. Mange var fasinerte og klar til å ta dei i bruk. 

Randaberg kommune var først ute med å bruke film og video i kommunikasjonsarbeidet, med Ove sjølvsagt bak kamera, og etter kvart under eiga kommunal drone. Ove fortel at Stavanger kommune i si tid ynskte kurs frå oss om bruk av film og video i formidlinga.  

Ove ute med dronen

Ove ute med dronen.

«Eg er takksam for at eg har hatt leiarar som har vore opne for nye ting, eg har fått brukt det eg kan og fått utvikla meg. Eg har lært nye ting kvar dag, det set eg stor pris på».   

Men Ove Sveinung Tennfjord er ikkje ein kar som berre ser seg attende. Han meiner mykje om kva som skjer og kva som bør skje framover. For sitt arbeidsfelt ser han stort potensial.  

«Heile kommunenorge burde hatt lik heimeside, det er sløsing med ressursar slik vi held på med eigne avtalar og leverandørar i dag. Alle skal finne opp krutet. Nettsida er ein tenesteportal der sakshandsaminga startar, det er likt for alle kommunar etter kvart. 80 % av innhaldet er likt, medan 20 % er tilpassa kvar kommune. Plattformene bør difor etablerast og driftast i fellesskap. Då hadde vi spart mykje ressursar, og vi kunne konsentrert oss om godt kommunikasjonsarbeid i staden for å bruke mykje tid og pengar på det tekniske. Kommunane er vorte mykje flinkare til å vere gode, kritiske bestillarar, men det krev mykje, sukkar ein litt oppgitt Tennfjord. 

Samarbeid med andre kommunar er også ei hjartesak. Kommunane har mykje lik kommunikasjon å gå ut med, difor kunne kommunane med fordel ha jobba meir saman regionalt. «Særleg under pandemien såg vi verdien av eit tett regionalt samarbeid, då kommuniserte vi einskapleg og tydeleg opp mot ein felles bu- og arbeidsregion. Vi bør dele meir på det vi produserer på tvers av kommunegrensene, det ville gjort oss meir effektive», seier ein engasjert Ove. 

Noko som også engasjerer den ferske pensjonisten er kunstig intelligens (KI) og KI-språket. «KI-språket er dårleg i utgangspunktet, svulstig, platt og innhaldslaust. Eit trena auge vil avsløre KI-språk med ein gong», seier Ove og er ikkje bekymra for det norske språket. 

 «Vi har mange framifrå norske forfattarar med eit sprudlande og levande språk», til og med på nobelprisnivå! Skal du verte god i språk, må du lese god litteratur. Skulane er flinke til å tilrettelegge for nettopp dette, dei har skjønt det. Få ungane til å lese og det går dei vel, eg slår eit slag for skulebiblioteka», legg Ove til entusiastisk til. Han minnest sjølv den gode stunda på biblioteket på laurdagen i oppveksten.  

Kunstig intelligens kan aldri erstatte journalisten, slår Ove fast. Sjølv har han leikt seg med Chat GPT sidan det vart tilgjengeleg. Han meiner KI er eit fantastisk hjelpemiddel dersom det vert brukt på rett måte. Vi må aldri vere redde for ny teknologi, vi må lære den å kjenne og ta kontroll over den. Alt nytt er litt skremmande og fasinerande på same tid. «Eg heier på nye ting, og har jo litt Pippi Langstrømpe-innstilling – dette har eg ikkje prøvd før, så det får eg sikkert til», humrar Ove. 

Med eller utan kunstig intelligens, kommunen må halde fram det viktige kommunikasjonsarbeidet, slår Ove fast. Å informere innbyggjarane om kva som skjer på ein god måte, er viktig for lokalsamfunnet. « Vi var tidleg ute med å tv-overføre dei politiske møta, og vi er ein av dei kommunane som har flest utval tv-overført, det skal vi vere stolte over», legg Ove til. Dette viser og igjen i Åpenhetsbarometeret, ei måling i regi av Kommunal Rapport og Pressens Offentlighetsutvalg, der Randaberg kommune dei siste åra har scora høgt. Slike kåringar er kjekke, deviser resultat av mange års jobbing, smiler den nye pensjonisten nøgd 

Ove har fått mange gode ord og helsingar på veg utdørene i Randaberg kommune, han har vore ein kjend og kjær kollega i organisasjonen. Også ordførar Jarle Bø ynskjer å uttrykke takksemd for arbeidet Ove har lagt ned for kommunen. 

«I heile min tid som folkevald, har Ove synleggjort kommunestyret sitt arbeid på ein fin og ryddig måte. Som ordførar vil eg på vegne av dei folkevalde og frivillige lag og organisasjonar, rette ei stor takk til Ove for den solide innsatsen han har lagt ned for Randaberg kommune. Ove har vore med å fremma eit positivt omdømme for kommunen og dei folkevalde, og han har vore ein draum å samarbeide med», avsluttar Jarle Bø. 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?