Du er her: Hjem / Aktuelt / Program NM-veka

Program NM-veka

Onsdag 15. august brakar det laust med NM-veka, som skal gjere stas på dei mindre idrettane i Noreg. I denne veka skjer det mykje spanande i Randaberg.

Innhold

    24 idrettar og 1.400 deltakarar frå 16 ulike særforbund gjennomføre sine meisterskap under NM-veka. Totalt skal 8 kongepokalar delast ut. 

    Målet med NM-veka er at dette blir ein årviss tradisjon for både sommar- og vinteridretten i Noreg, samt at den blir ein arena for å gjere stas på dei mindre idrettane, som normalt ikkje får nasjonal merksemd.

    Alle arrangementa under NM-veka er gratis for alle publikummarar. Du får gratis inngang på både konkurransar, finalar og kveldsarrangement. 

    Her er programmet for NM-aktivitetane i Randaberg
    • TYSDAG 14.08:
      Kl. 13.00: Randaberghallen, rullestolrugby, innleiande kampar

      Rullestolrugby er internasjonalt ein av dei mest veksande idrettsgreinene, og ein idrettsgrein for svært fysisk handikappa, som ofte ikkje kan dyrke lagidrett. Rullestolrugby blir spelt med 4 spelarar på bane på kvart lag. I tillegg kan laga ha inntil 8 innbyttarar. Det blir spela på basketballbane med spesialball (liknar på ein volleyball). Målet er å skåre mål ved at ein spelar kryssar motstandaren si målline medan ballen er under kontroll. Under NM-veka blir norgesmeisterskapen i rullestolrugby arrangert for første gang. Totalt skal 30 utøvarar delta.

    • ONSDAG 15.08:
      Kl. 08.30: Randaberghallen, rullestolrugby, innleiande kampar

    • TORSDAG 16.08:
      Kl. 08.30: Randaberghallen, rullestolrugby, innleiande kampar
      Kl. 10.30: Randaberghallen, rullestolrugby, bronsefinale
      Kl. 13.15: Randaberghallen, rullestolrugby, gullfinale
      (Finalen går direkte på NRK frå kl. 13.10 til ca. kl. 15.00).
      Kl. 17.00: Torget, Randaberg sentrum, kveldsprogram

      Under kveldsprogrammet på torget blir det aktivitetar, utstillingar av idrettar, prøve-på-aktivitetar og underhaldning. Kveldsprogrammet blir leia av «landsbygeneral» Svein Sørnes og ser slik ut:
      Kl. 16.55 Idrettsaktivitetar
      Kl. 16.55 Opning med Unge Talenter Bjergsted Jazz
      Kl. 17.00 Programleiar Svein Sørnes ynskjer velkomen
      Kl. 17.02 Opningstalar
      Kl. 17.15 Norsk Tipping sitt husband
      Kl. 17.20 Idrettsaktivitetar
      Kl. 17.40 Artistopptreden
      Kl. 17.45 Idrettsaktivitetar
      Kl. 18.15 Rullestolrugby-show
      Kl. 18.21 Idrettsaktivitetar
      Kl. 18.45 X-trial-show
      Kl. 18.50 Idrettsaktivitetar
      Kl. 19.10 Dagens video frå Norsk Tipping og NRK
      Kl. 19.15 Idrettsaktivitetar
      Kl. 19.30 Premieutdeling for dagens idrettar
      Kl. 20.10 The President Match – Innebandy
      Kl. 20.25 Kveldssending NRK med diverse program
      (Det kan kome endringar i programmet).

    • FREDAG 17.08:
      Kl. 08.30-16.00: Tungenes fyr, undervatnsfotografering, finale
      (Finalerunden startar kl. 08.30 og blir avslutta kl. 16.00).

      I undervatnsfotografering konkurrerer 18 fotografar med kvar sin meddykkar i fem ulike fotokategoriar. Fotografen som sankar flest poeng samanlagt vinn norgesmeistertittelen og kongepokalen.

      Kl. 09.00: Randaberghallen, el-innebandy, innleiande kampar
      Kl. 15.15: Randaberghallen, el-innebandy, seminfinalar
      Kl. 17.00: Randaberghallen, el-innebandy, finale
      (NRK sender finalen direkte på TV kl. 1700-1800. Kommentator: Ole Kristian Stoltenberg). 

      Historia om el-innebandyen starta i Danmark på slutten av 1980-talet. Det var då ingen lagidrett for personar med muskelsvinn eller andre alvorlege muskelsjukdomar. Resultatet vart el-innebandy-stolen og starten på ein ny epoke. El-innebandy kom til Noreg i 2004. Dei siste åra har el-innebandy hatt ei stor utvikling. I dag er det nærare 30 klubbar og omlag 300 aktive. El-innebandy er eit lagspel fylt med fart og spenning. Spelet skjer på ei bane som er 14 meter breid og 20 meter lang. Bana er omkransa av eit innebandyvant. Kvart lag kan ha 3 utespelarar på bana, og dei vel sjølv om dei vil spele med målvakt. Kamptida er 2 x 15 minutt.

    • LØRDAG 18.08:
      Kl. 08.30-16.00: Tungenes fyr, undervatnsfotografering, finale
      (Finalerunden startar kl. 08.30 og blir avslutta kl. 16.00).

     

    Vel møtt til kjekke idrettsdagar! 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?