Du er her: Hjem / Aktuelt / Konferanse om netthets

Konferanse om netthets

Programmet for konferansen om kvardagsdemokratiet, "Hold kjeft - dette må du tåle!", i mai er klart.

Innhold

    Konferansen blir arrangert i Varen Randaberg kulturscene, tysdag 28. mai kl. 09.00-17.30.

    - Er eit tøft debattklima noko vi må læra oss å leva med, og kor går grensa for hat og ytring? Korleis skal vi passa på kvarandre slik at ein opplever det å delta i idrett, politikk og samfunn som trygt og givande?

    Konferansen er i regi av Randaberg kommune.

    Programleiar for konferansen er Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylke Livsgnist.

    Meld deg på!

    Program:

    • Frå kl. 08.15: Registrering og drøs.
    • Kl. 09.00: Opning av konferansen.
    • Kl. 09.05: Kven har «heila vede»? og kva seier du eigentleg? Skråblikk på dagens tema ved Leif Arild Steen.
    • Kl. 09.20: Foten i bakken og hendene på tastaturet - innleiing Tor Øyvind Skeiseid.
      Kor mykje må vi, maktar vi og bør vi tåle? Statsvitar Svein Tuastad tar oss med inn i det offentlege ordskiftet. Kva har skjedd?
    • Kl. 09.50: Samtale med Ane Mari Braut Nese og Eirin K. Sund. 
      På livet laus! Bompengar og drapstrussel. – Folk gløymer me er vanlege innbyggjarar, med ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese.
      Filteret og respekten som forsvann på vegen. Ei reise i det offentlege ordskiftet gjennom 30 år, med fylkessekretær Eirin K. Sund i Rogaland LO.
    • Kl. 10.25: Pause.
    • Kl. 10.45: Samtale med Tone Eva Ingebrigtsen og idrettspresident Tom Tvedt.
      Morshjarte dunkar ekstra fort når nettet florerer av kommentarar. Tone Eva Ingebrigtsen, løpemamma og frisør.
      Heldige eg som får ha så spennande jobb! Men, kan eg blåsa i at det bles så friskt på toppen og på nettet? Idrettspresident Tom Tvedt og tidlegare Randabergordførar og fylkesordførar.
    • Kl. 11.40: Lunsj.
    • Kl. 12.30: Er du framleis på nett?
    • Kl. 12.35: Kor tøffe skal ein Viking vera? Med Andrè Danielsen, fotballspelar for Viking sidan 2003.
    • Kl. 12.55: Hat og truslar mot folkevalde. Forskar Carina Riborg Holter, Ipsos Public Affairs.
    • Kl. 13.20: Slik ser me det frå Nykirkebakken 2. Med Solveig Grødem Sandelson, debattredaktør i Aftenbladet.
    • Kl. 13.40: Pause.
    • Kl. 14.10 Så ka gjer me med det då? So what? Panel med:
      Hans Vik, politimeister i Sør-Vest politidistrikt.
      Helene Arholm, regiondirektør for KS Vest-Norge.
      Solveig Grødem Sandelson, debattredaktør i Aftenbladet.
      Ane Mari Braut Nese, ordførar i Klepp kommune.
      Etterfølgd av Speakers Corner: Ka meine du?
    • Kl. 15.00: Oppsummering. Høgt debattnivå og høgt under taket. Korleis skal me manøvrera framover? Tom Tvedt og Svein Tuastad tar utfordringa.
    • Kl. 15.15 Ferdig.

    Følg også vår arrangementsside på Facebook her.

     

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?