Illustrasjonsfoto vaksineflasker.

Covid 19 vaksine til eldre over 65 år

Av: Kommunikasjon
Publisert: 19.08.2022
Måndag 29. august er det klart for fjerde vaksinedose til eldre over 65 år på apoteka i Randaberg.

Frå måndag 29. august kan alle over 65 år vaksinera seg med fjerde vaksinedose mot Covid 19. Apoteka står for vaksineringa på vegne av kommunen.

For dei som kan, ber me om at ein bestiller time til vaksinering på nett: 

Vitusapotek

Apotek1

Men ein kan også bestilla time på apoteka eller per telefon. Vaksinen er gratis.

— Dei over 75 år fekk tilbod om vaksinering frå 1. juli. Nå er det klart for dei over 65 år, fortel kommuneoverlege Therese-Mari Nybø Lindal.

Vaksineringa i Randaberg vil foregå på apoteka og ikkje massevaksinasjonssentre, og ho ber derfor folk vera tolmodige. Alle vil få time, men ein kan måtte venta nokre veker på ledig time.Drop in er mogleg ved ledig kapasitet, men det beste er å bestilla time for vaksinering. 

For yngre i risikogrupper som vil ta 4. dose, bør dei ta kontakt med fastlegen for råd og rettleiing om dette.

— Beskyttelsen etter grunnvaksinering med koronavaksine kan svekkast over tid. Ein oppfriskningsdose gir meir langvarig beskyttelse og kan også gi ein betre beskyttelse som gjer oss betre rusta mot nye variantar av viruset.

Kven kan få oppfriskingsdose (dose 4) ?

Det skal ha gått fire månader frå sist oppfriskingsdose. Dersom du nyleg har gjennomgått koronasjukdom må du venta minst tre veker før du kan ta oppfriskingsdosen. 

Du må venta med oppfriskingsdosen dersom :

- du har forkjølelsesymptom, feber (over 38 grader) eller andre teikn på infeksjonssjukdom.

- er i karantene eller ventar svar på koronatest.

- er blitt vaksinert med ei anna vaksine i løpet av dei siste sju dagane.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?