Det har blitt fint og praktisk i delar av Torvmyrveien. Foto: Marita Raustein Larsen.

Sykkelfelt som i Danmark

Av: Kommunikasjon
Publisert: 05.07.2022
Nå har mjuke trafikantar i Torvmyrveien fått betre forhold.

Du har gjerne lagt merke til endringane i Torvmyrveien? Ein kilometer av vegen er oppgradert, og langs halvparten av strekninga har fylkeskommunen bygt sykkelfelt som er skilt frå fortau og kjørebane med kantstein, ei såkalla dansk sykkelløysing.

— Løysinga med heva sykkelfelt er ei løysing som har fått mykje skryt andre stader i landet. Nå gleder vi oss over at mjuke trafikantar i Randaberg får gode forhold. Det blir både tryggare og meir attraktivt å gå og sykle, seier byggeleiar Roger Hoftun Eik i Rogaland fylkeskommune. Torvmyrveien skal bli ferdig oppgradert til skulestart.

Les meir om sykkelløysinga

I tillegg til sykkelfelta har Torvmyrveien fått nye lys, skilt og busstopp. Prosjektet blir støtta av Bymiljøpakken.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?