Du er her: Hjem / Aktuelt / Jubileumsbok

Jubileumsboka er her

Av: Borghild Gudmestad
Publisert: 10.06.2022
Thor Geir Harestad er ute med ny bok om Randaberg.
Forfattar, journalist og lektor Thor Geir Harestad er ute med nok ei bok om Randaberg, denne gongen er det jubileumsboka "Blomster og tistler".

Kommunen er oppdragsgivar for boka, Harestad er redaktør for boka som er med på å markera 100-årsjubileet for Randaberg kommune i år. Randaberg har bursdag 1.juli, og skal feira på mange måtar gjennom heile året!

Det er ti år sidan Harestad sist gav ut bok om Randaberg, ti år etter er han ute med ei ny. 1.juli 1922 blei Randaberg eigen kommune, etter å ha høyrt til Hetland herad.


Det har skjedd ei utvikling gjennom 100 år i den grøne landsbyen. Framsidebildet til boka viser også det, få hus og bygg har utvikla seg til ei bygd på over 11.000 menneske. Boka er også fylt med bilde frå ulike epokar og tema, over 500 bilde har fått plass mellom permane. Harestad har tatt for seg ulike emne i boka, som blant anna skule, frivillig organisasjonsliv, næringsliv og identiteten til randabergbuen.

"Blomster og tistler" blei presentert for publikum i Varen kulturscene onsdag kveld. Biblioteksjefen leia kvelden, musikalske innslag blei framført av Bård Halsne og Morten Goa. Ordførar Jarle Bø delte også ord. Jubileumsboka kan du få kjøpt på biblioteket og på servicetorget i kommunehuset.


NY BOK: Thor Geir Harestad deler ut både blomar og tistlar i si nye bok om Randaberg

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?