Inviterer ukrainarar saman med frivillige 30. mai

Av: Kommunikasjon
Publisert: 27.05.2022
Frivillige inviterer ukrainarar til dialogmøte måndag 30.05 klokka 15-17 på Frivillighetens hus.

 Møtet blir til for å skapa eit sosialt miljø for ukrainarar som har kome og kjem til Randaberg.

— Frivillige tok initiativet til dette dialogmøtet. Det er kjempebra, ein liten kjerne av desse møter opp og møter ukrainarar med temaet "Kva har de behov for, kva kan dei frivillige gjera?"fortel Morten Kvanvik Rønne, leiar for Frivillighetens hus i sentrum.

Morten Rønne Kvanvik skal leia møtet. Nå håper han å nå ut til ukrainarar i Randaberg.

 Det er nok frivillige som har meldt seg dette møtet, her håper ein å nå ut til fleire ukrainarar slik at dei kan få eit miljø og bli kjent.

— Mange vil i jobb og koma i aktivitet, seier Kvanvik Rønne.

Det vil også vera russisktalande og polsktalande på møtet, slik at dei som ikkje snakkar engelsk kan gjera seg forstått.

Nokre har med barn, det vil vera litt aktivitetar for dei. Det blir servert te og kaffi, og litt å tygga på.

Det er i tillegg framleis behov for frivillige i arbeidet med flyktningar, då kan ein som tidlegare melda seg inn via skjemaet Forms: 

Registrer deg her som frivillig

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?